Spiderman - steg for steg.
Utstyr/ materiell: Kartong, blyant, viskeler, plakatmaling (raud, lys/ mørk blå og kvit), eit par penslar i ulik storleik, vatn til å tynne malinga med og penn til konturar.
Konturane blei først skissert med blyant på gul kartong. Utgangspunktet var eit bilete frå eit teiknesereblad. |
Dei raude flatene på Spiderman vart malt først. |
Konturar og "spindelvev" vart påført med penn etter at maleriet var tørt.ResultatSpidermanbiletet vart eit fargesterkt og friskt bilete. Eg valde bevisst gul kartong til bakgrunn, då dette ville gje sterk kontrast til raud og blå. Primærfargane (gul, blå og raud) er dei fargane som gjev den sterkaste kontrasten når dei er sett saman. Dette passar til Spiderman, som er ein sterk og uredd kar.Det er ingenting i bakgrunnen i dette biletet. Her kunne det t.d. vore laga ei scene som sette Spiderman inn i ein samanheng. Slik det er no er kan det verke flatt, men t.d. dersom ein skulle sette inn tekst for å lage ein plakat, er det greitt å ikkje ha for mange forstyrrande element. Eg kjem til å bruke biletet i kunst og handverksundervisning som døme på bruk av plakatmaling. Det kan vere greitt å ha eksempel tilgjengeleg for elevane for å vise eigenskapane til dei ulike teknikkane. Eg har også laga døme på akvarellmaling, og jobbar vidare med akryl. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar