Keramikkvase laga av 6.klasse |
Her er litt av prosessen:
Etter råbrann |
Vasen etter råbrann. Leiven er kjevla på ei helsetrøye for å få gittermønster. Den er sett saman av to like halvdelar. Før den vart føyd saman og botnen vart sett på, vart halvdelane lagt på eit plastrør for å stivne litt i fasong.
Påføring av glasur |
Vasen blir dyppa i glasur. Dersom ein ikkje har klype slik at ein kan dyppe heile, kan ein dyppe ein halvdel om gongen. Glasuren trekkjer seg raskt inn.
Påføring av glasur |
Etter glasurbrann |
Då er det berre for enkelte å gle seg til jul, for nokre av desse hamnar nok under juletreet.
...og her er ein som er blitt inspirert av våre gode resultat under verdsmeisterskapen i sjakk. Brikkane kan vere litt utfordrande å lage, men det er slett ikkje uråd!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar