Fargekontrastar.
Når ein veit korleis dei ulike fargane verkar saman, kan ein bruke det bevisst for å skape spenning eller ro i eit bilete.
- Primærfargane gjev størst kontrast når dei er sett saman.
Primærfargar gjev stor kontrast saman. |
- Komplementærfargar er det fargeparet som ligg lengst unna kvarandre i fargesirkelen. Komplementærkontrasten er ein sterk kontrast.
Komplementærfargar saman gjev stor kontrast. |
- Kalde og varme fargar: Dei fargane som er i den venstre halvdelen av fargesirkelen er kalde. I den høgre delen ligg dei varme fargane. Dersom ein sett kalde og varme fargar saman, vil ein oppleve dei varme fargane som nærare enn dei kalde. Dette er kald- varmkontrasten.
Kalde og varme fargar |
- Nabofargar: Dersom ein sett saman fargar som ligg rett ved sida av kvarandre i fargesirkelen, får ein lite kontrast. Dette kan skape ro og harmoni i eit bilete.
Nabofargar (Analoge fargar) skaper lite kontrast. |
- Lys / mørk- kontrast får vi når vi sett ei lys farge opp mot ei mørk farge. Den største lys/ mørk- kontrasten får vi når vi sett saman kvit og svart.
Lys/ mørk- kontrast. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar