onsdag 26. november 2014

Keramikk i 6. klasse

 


Keramikkvase laga av 6.klasse

Her er litt av prosessen:


Etter råbrann

Vasen etter råbrann. Leiven er kjevla på ei helsetrøye for å få gittermønster. Den er sett saman av to like halvdelar. Før den vart føyd saman og botnen vart sett på, vart halvdelane lagt på eit plastrør for å stivne litt i fasong.

Påføring av glasur

Vasen blir dyppa i glasur. Dersom ein ikkje har klype slik at ein kan dyppe heile, kan ein dyppe ein halvdel om gongen. Glasuren trekkjer seg raskt inn.


Påføring av glasur
 
 
 
Etter glasurbrann
 

Då er det berre for enkelte å gle seg til jul, for nokre av desse hamnar nok under juletreet.




...og her er ein som er blitt inspirert av våre gode resultat under verdsmeisterskapen i sjakk. Brikkane kan vere litt utfordrande å lage, men det er slett ikkje uråd!






søndag 23. november 2014

Slik kan du lage Gif- animasjon

Ein Gif- animasjon er lett å lage i Gimp. Prinsippet er at ein kan lage rørsle for kvart lag (layer) ein dekorerer med noko nytt. Her kan du laste ned Gimp.


Du startar med å velge ei ny fil i A6- liggande format.

Så lagar du bakgrunn for animasjonen.
Eg valde ei beige bakgrunnsfarge. Du kan også velge eit bilete som bakgrunn, slik eg har gjort i den andre animasjonen du finn i bloggen min: Sett farge på verda


Oppå bakrunnslaget la eg eit gjennomsiktig lag (layer), og teikna ein sirkel som eg fylde med farge. (Du kan sjå dei ulike laga øvst til høgre.)




No har eg teikna fleire sirklar, men har vald eit nytt lag for kvar sirkel. Det kan du sjå øvst til høgre i biletet, der dei ulike laga viser.



Når eg skal skrive bokstavane, legg eg eit nytt lag for kvar bokstav. Storleiken på fonten (bokstaven) er 150.


Orda "fin" og "dag" fekk ligge på ein sirkel. Orda ligg på kvart sitt lag. Her skriv eg heile ordet før eg byttar lag. Dette er for å lage litt variasjon i animasjonen.



For å sjå animasjonen på førehand, kan du klikke på "Filters," "Animation," og velge "Playback"


Til slutt på du gå til "File" og "Export" for å lagre animasjonen som Gif- fil. Når du har trykt "Export" må du hake av "as animation." Her kan du også velge å sette den hastigheita du vil ha på kvart bilete, då standardinnstillinga kan vere litt vel rask.


Her er den ferdige animasjonen.

Ny Gif- animasjon




I neste innlegg finn du ei oppskrift på korleis du lagar ein slik Gif- animasjon med Gimp.

onsdag 19. november 2014

Fargekontrastar- elevarbeid

Her er ei enkel elevoppgåve når ein arbeider med fargekontrastar.


Utstyr: Kartong/ papir i ulike fargar, teiknepapir, blyant, saks, lim.

Arbeidsgang: Lag ei blindkonturteikning av ein medelev (heilfigur). Klipp ut forma. Velg kva kontrast du vil arbeide med, og overfør blindkonturforma til kartong/ papir i ei av fargane du har vald. Klipp den ut og lim den på kartongen/ papiret i kontrastfargen.

Komplementærkontrast



Komplementærkontrast
 
 
Lys/ mørk- kontrast



Eigenkontrast
 

Fargelære 2

Fargekontrastar.


Når ein veit korleis dei ulike fargane verkar saman, kan ein bruke det bevisst for å skape spenning eller ro i eit bilete.

 
 
Primærfargar gjev stor kontrast saman.



  • Komplementærfargar er det fargeparet som ligg lengst unna kvarandre i fargesirkelen. Komplementærkontrasten er ein sterk kontrast.

Komplementærfargar saman gjev stor kontrast.


  • Kalde og varme fargar: Dei fargane som er i den venstre halvdelen av fargesirkelen er kalde. I den høgre delen ligg dei varme fargane. Dersom ein sett kalde og varme fargar saman, vil ein oppleve dei varme fargane som nærare enn dei kalde. Dette er kald- varmkontrasten.

Kalde og varme fargar




  • Nabofargar: Dersom ein sett saman fargar som ligg rett ved sida av kvarandre i fargesirkelen, får ein lite kontrast. Dette kan skape ro og harmoni i eit bilete.


Nabofargar (Analoge fargar) skaper lite kontrast.



  • Lys / mørk- kontrast får vi når vi sett ei lys farge opp mot ei mørk farge. Den største lys/ mørk- kontrasten får vi når vi sett saman kvit og svart. 

Lys/ mørk- kontrast.









Fargelære

Fargesirkelen

Johannes Itten si fargelære er brukt i undervisning over heile verda. Itten sette fargane i system, og forklarar korleis dei verkar på kvarandre.




Fargesirkelen



  • Primærfargane finn vi inst i sirkelen. Vi skal kunne blande dei andre fargane ut frå desse. Primærfargane har ein strerk eigenkontrast, og gjev den strekaste fargekontrasten når dei er sett saman.

Primærfargar





  • Sekundærfargane får vi når vi blandar to primærfargar med kvarandre.

Sekundærfargar; Grøn, oransj og lilla 






  • Tertiærfargane får vi når vi blandar ei primærfarge med ei sekundærfarge.
Tertiærfargane





mandag 17. november 2014

Broderi

På Drops Design sine sider finn vi instruksjonsvideo for brodering på strikking. Broderiteknikkane kan sjølvsagt også brukast på anna stoff.



Hjarte med uttrekksaum.

Hekling

På Drops Design sine sider finn ein opplæringsvideoar både for hekling, strikking og broderi.
Her er lenke til videoar som kan lære deg å hekle. Du finn også oppskrift på korleis du lagar bestemorsruter.
 
Hekleopplæring


 Bestemorsruter.

Strikking

Her er lenke til Strikkeskolen.no som har  fine opplæringsvideoar til mange ulike strikketeknikkar.

 


Mønsterutsnitt frå ei kofte.

Gif-animasjon


 

Fargar er til for å brukast, det er no mi meining!

Oppfordringa ovafor er ein såkalla gif- animasjon.
Dette er enkelt å lage til dømes i Gimp. Eg skal lage ei oppskrift på korleis ein kan gjere det i eit seinare blogginnlegg.

onsdag 12. november 2014

Spiderman blir til

Spiderman - steg for steg.

Utstyr/ materiell: Kartong, blyant, viskeler, plakatmaling (raud, lys/ mørk blå og kvit), eit par penslar i ulik storleik, vatn til å tynne malinga med og penn til konturar.
 
Konturane blei først skissert med blyant på gul kartong.
Utgangspunktet var eit bilete frå eit teiknesereblad.

Dei raude flatene på Spiderman vart malt først. 

Dei lyseblå flatene vart måla før skyggepartia i mørk blå- lilla.
Den mørke fargen vart laga ved å blande raud og mørk blå.
Uttynna maling i raud/lilla vart brukt til å lage skyggane i brystparti/ mage.
 Kvitt vart lagt inn heilt til slutt. 

Konturar og "spindelvev" vart påført med penn etter at maleriet var tørt.


Resultat

Spidermanbiletet vart eit fargesterkt og friskt bilete. Eg valde bevisst gul kartong til bakgrunn, då dette ville gje sterk kontrast til raud og blå. Primærfargane (gul, blå og raud) er dei fargane som gjev den sterkaste kontrasten når dei er sett saman. Dette passar til Spiderman, som er ein sterk og uredd kar.

Det er ingenting i bakgrunnen i dette biletet. Her kunne det t.d. vore laga ei scene som sette Spiderman inn i ein samanheng. Slik det er no er kan det verke flatt, men t.d. dersom ein skulle sette inn tekst for å lage ein plakat, er det greitt å ikkje ha for mange forstyrrande element.

Eg kjem til å bruke biletet i kunst og handverksundervisning som døme på bruk av plakatmaling. Det kan vere greitt å ha eksempel tilgjengeleg for elevane for å vise eigenskapane til dei ulike teknikkane.  Eg har også laga døme på akvarellmaling, og jobbar vidare med akryl.

 

Tegning et genialt universalspråk

"Tegning er like nyttig og nødvendig som skrift og tall, og mer naturlig... "

- Les meir i denne inspirerande og tankevekkande artikkelen av Knut M. Nesse!


http://www.aftenbladet.no/meninger/Tegning-et-genialt-universalsprak-3148593.html

søndag 9. november 2014

Akrylmaling

Akrylmaling er eit alternativ til oljemaling. Den kan tynnast med vatn, men blir vassfast når den er tørr. Akrylmaling tørkar raskt, og er luktsvak. Den kan vere dekkande (opak), men tynna godt med vatn blir den transparent.

I skulesamanheng er akrylmaling fin å bruke for dei litt eldre elevane. Det kan vere lurt å ha maleforkle eller anna for å verne kleda.

Her er nokre av mine utprøvingar med akrylmaling.


Her har eg også lagt inn papir, samt blanda malepasta i malinga.
Pasta gjer den tjukkare og gjev relieffefekt.
 
 
 
Portrettet er mala med svart, kvit og akvamarin på lerret.
Eg har brukt flat svinebustpensel, og ein
tynnare, rund pensel til detaljar.

 

Gouache/ plakatmaling

Gouache, også kalla plakatmaling, er ei type maling som er vassbasert og dekkande (opak). Dersom ein tynnar den godt ut med vatn, kan den bli transparent slik som akvarellmaling. I skulen er denne typen maling fin å bruke på dei fleste trinn fordi den er vassbasert. Søl på klede og interiør kan lett vaskast vekk.

Her er nokre utprøvingar eg har gjort med denne malinga.


Spiderman. Mala på kartong.
Konturar er teikna med penn.

Småjenter. Mala på grov sponplate.