I ein studie tek ein seg god tid, og har med detaljar.
Denne studien er teikna frå foto, og forstørra med hjelp av rutenett. Fotografiet vart lagt i ein plastlomme med ruter 5x5. A3 arket vart inndelt i ruter 7, 5x7,5.
Anna utstyr: Kolstift og knettgummi.
Foto av sonen min lagt i ein platslomme med rutenett 5x5 cm |
A3 ark. Ruter 7,5x7,5 er teikna svakt med blyant. Dei skal kunne viskast vekk etterpå. |
Detaljar i hår og hud blei teikna til slutt, før teikninga blei fiksert. ResultatEg valde å ikkje fargelegge bakgrunnen med kolstift. I staden tok eg biletet inn i bildebehandlingsprogrammet Gimp, og bearbeidde bakgrunnen her.Kolstift er grovare enn blyant, og det kan vere utfordrande å få til detaljar. Som med alt anna er det ei øvingssak, og på mange måtar kan det vere befriande å jobbe med kol framfor blyant. Ein må halde kolstiften på anna måte enn blyanten, og for mange kan det vere lurt å prøve fordi dei har eit litt for krampaktig grep om blyanten. Eit anna problem kan vere at ein teiknar med jamt over for mykje trykk, slik at feilteikning og ujamnheiter blir vanskeleg å viske vekk. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar