torsdag 30. oktober 2014

Litt om Pinterest

Pinterest er nettstaden dersom du treng inspirasjon og gode idear. Her skal eg fortelje litt om korleis det fungerer.

I Pinterest kan ein finne og systematisere idear og inspirasjon. Kvar brukar organiserer sine eigne virtuelle oppslagstavler etter interesser og behov. På oppslagstavlene kan ein så «pinne»/ feste bilete eller linkar som ein ønskjer å ta vare på. Dette kan vere ting andre har pinna i Pinterest, eller ting ein finn på nettet.
Dersom ein finn andre brukarar med interessante oppslagstavler, kan ein velge å følgje desse. Ein kan også lage sine eigne pinnar, t.d. dersom du har laga noko sjølv. Ein kan kommentere andre sine pinnar, sende pinnar til venar, eller like pinnar andre har lagt ut.
Målgruppa for pinterest er menneske i alle aldrar som har behov for kreativ inspirasjon og idear, nesten uansett kategori.
Det er lett å bli «hekta» på Pinterest. Når ein klikkar på ein pinn, får ein samstundes sjå oppslagstavler med liknande innhald som ein kan gå vidare inn i. Dette kan vere veldig inspirerande, men også tidkrevande.

Dersom det er spesielle tema eller oppslagstavler ein er på jakt etter, kan ein bruke søkefunksjonen i programmet. Det er ellers greitt å navigere i Pinterest, men ein kan som sagt rote seg inn i ei verd det kan vere vanskeleg å rive seg laus frå.

Ein kan nytte Pinterest interaktivt m.a. ved at ein sender pinnar til kvarandre, men det kan også nyttast passivt m.a. ved at ein kun ser på kva andre har samla på oppslagstavlene sine.
Nettstaden er eigd av Pinterest sjølv.

 

 

 

Eg brukar Pinterest mykje, både privat og på jobb. Dersom du ikkje har prøvd, anbefalar eg deg å ta ein titt!
 

 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar