Når ein teiknar blindkontur skal ein berre sjå på det ein teiknar, og ikkje på arket. Resultatet blir ganske artig.
Blindkonturteikning er fin teikneøving. Når ein konsentrerer seg om modellen og ikkje det ein teiknar, øver ein opp evna til å sjå. Ofte blir ein ubevisst lurt til å nytte gamle, innøvde teiknemønster. Ein teiknar difor det ein trur ein ser i staden for det ein eigentleg ser. Gjennom ulike øvingar, mellom anna blindkontur, kan ein øve opp evna til å "sjå".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar