torsdag 30. oktober 2014

Akvarellmaling

Akvarellmaling er maling med transparent og vassløyseleg maling. Malinga fungerer best på tjukt papir, og ein får akvarellpapir i ulike strukturar og tjuknad. Akvarellmaling kjem oftast i blokker, men du kan også få kjøpt den i flytande form. Rund tjukk pensel som held godt på vatn, er best eigna til akvarellmaling.
 
I skulesamanheng er akvarellmaling mykje brukt, og den er veldig godt eigna på alle trinn. Den er reinsleg, billeg, og enkel å bruke.
 
 
 

Her skal eg vise nokre av mine utprøvingar med akvarellmaling.


 

Her har eg laga prøvar på ulike teknikkar innanfor akvarell




 Blåmeis, mala vått i vått.
Akvarell på tørt papir. Konturar med penn.

Stilleben mala på tørt papir.

Litt om Pinterest

Pinterest er nettstaden dersom du treng inspirasjon og gode idear. Her skal eg fortelje litt om korleis det fungerer.

I Pinterest kan ein finne og systematisere idear og inspirasjon. Kvar brukar organiserer sine eigne virtuelle oppslagstavler etter interesser og behov. På oppslagstavlene kan ein så «pinne»/ feste bilete eller linkar som ein ønskjer å ta vare på. Dette kan vere ting andre har pinna i Pinterest, eller ting ein finn på nettet.
Dersom ein finn andre brukarar med interessante oppslagstavler, kan ein velge å følgje desse. Ein kan også lage sine eigne pinnar, t.d. dersom du har laga noko sjølv. Ein kan kommentere andre sine pinnar, sende pinnar til venar, eller like pinnar andre har lagt ut.
Målgruppa for pinterest er menneske i alle aldrar som har behov for kreativ inspirasjon og idear, nesten uansett kategori.
Det er lett å bli «hekta» på Pinterest. Når ein klikkar på ein pinn, får ein samstundes sjå oppslagstavler med liknande innhald som ein kan gå vidare inn i. Dette kan vere veldig inspirerande, men også tidkrevande.

Dersom det er spesielle tema eller oppslagstavler ein er på jakt etter, kan ein bruke søkefunksjonen i programmet. Det er ellers greitt å navigere i Pinterest, men ein kan som sagt rote seg inn i ei verd det kan vere vanskeleg å rive seg laus frå.

Ein kan nytte Pinterest interaktivt m.a. ved at ein sender pinnar til kvarandre, men det kan også nyttast passivt m.a. ved at ein kun ser på kva andre har samla på oppslagstavlene sine.
Nettstaden er eigd av Pinterest sjølv.

 

 

 

Eg brukar Pinterest mykje, både privat og på jobb. Dersom du ikkje har prøvd, anbefalar eg deg å ta ein titt!
 

 
 
 
 


mandag 13. oktober 2014

Kolstiftstudie bearbeidd i Gimp

Gimp er eit bildebehandlingsprogram ein kan laste gratis ned frå internett. Programmet har mange av dei same funksjonane som t.d. Photoshop. Her har eg brukt programmet til å lage nye bakgrunnar på kolstiftstudien min "Skrik".





Skrik - studie med kolstift

I ein studie tek ein seg god tid, og har med detaljar.
 
Denne studien er teikna frå foto, og forstørra med hjelp av rutenett. Fotografiet vart lagt i ein plastlomme med ruter 5x5. A3 arket vart inndelt i ruter 7, 5x7,5.
Anna utstyr: Kolstift og knettgummi.



Foto av sonen min lagt i ein platslomme med rutenett 5x5 cm

A3 ark. Ruter 7,5x7,5 er teikna svakt med blyant.
Dei skal kunne viskast vekk etterpå.

Eg er høgrehendt, og starta difor med venstre side for å ikkje dra
kolstiften utover med handa medan eg teikna.
Ved å bruke stomp (hardpakka papir) til å gni ut kolstiften,
kan ein gradere skuggar og lage liv i hud og hår.

Detaljar i hår og hud blei teikna til slutt, før teikninga blei fiksert.


Resultat

Eg valde å ikkje fargelegge bakgrunnen med kolstift. I staden tok eg biletet inn i bildebehandlingsprogrammet Gimp, og bearbeidde bakgrunnen her.

Kolstift er grovare enn blyant, og det kan vere utfordrande å få til detaljar. Som med alt anna er det ei øvingssak, og på mange måtar kan det vere befriande å jobbe med kol framfor blyant. Ein må halde kolstiften på anna måte enn blyanten, og for mange kan det vere lurt å prøve fordi dei har eit litt for krampaktig grep om blyanten. Eit anna problem kan vere at ein teiknar med jamt over for mykje trykk, slik at feilteikning og ujamnheiter blir vanskeleg å viske vekk.

Teikning etter minnet

Oppgåva er å teikne seg sjølv ut frå det ein hugsar frå speilet.


søndag 12. oktober 2014

Rask skisse 2-5 min

Oppgåva er å studere speilbiletet, og teikne det ein ser. Det er lurt å ta med seg erfaringane frå blindkonturteikning: Sjå mest inn i speilet og mindre på arket!
Betty Edwards seier: "Å teikne er å sjå".
 
 


Blindkonturteikning

Når ein teiknar blindkontur skal ein berre sjå på det ein teiknar, og ikkje på arket. Resultatet blir ganske artig.



Blindkonturteikning er fin teikneøving. Når ein konsentrerer seg om modellen og ikkje det ein teiknar, øver ein opp evna til å sjå. Ofte blir ein ubevisst lurt til å nytte gamle, innøvde teiknemønster. Ein teiknar difor det ein trur ein ser i staden for det ein eigentleg ser. Gjennom ulike øvingar, mellom anna blindkontur, kan ein øve opp evna til å "sjå".

Arbeidskrav 1: Mennesket i kunsten

I dette arbeidskravet er det teikning som står i fokus. Vi skal øve oss på å teikne med ulike reiskap, og på ulike underlag.

Det er med teikning som med alt anna: Ein blir flinkare av å øve!
Dette er heilt sant, og det er håp for alle!

I del 1 av arbeidskravet skal vi på ulike måtar øve ved å teikne sjølvportrett.