Ein Gif- animasjon er lett å lage i Gimp. Prinsippet er at ein kan lage rørsle for kvart lag (layer) ein dekorerer med noko nytt. Her kan du laste ned Gimp.
Du startar med å velge ei ny fil i A6- liggande format.
Så lagar du bakgrunn for animasjonen.
Eg valde ei beige bakgrunnsfarge. Du kan også velge eit bilete som bakgrunn, slik eg har gjort i den andre animasjonen du finn i bloggen min:
Sett farge på verda
Oppå bakrunnslaget la eg eit gjennomsiktig lag (layer), og teikna ein sirkel som eg fylde med farge. (Du kan sjå dei ulike laga øvst til høgre.)
No har eg teikna fleire sirklar,
men har vald eit nytt lag for kvar sirkel. Det kan du sjå øvst til høgre i biletet, der dei ulike laga viser.
Når eg skal skrive bokstavane, legg eg eit nytt lag for kvar bokstav. Storleiken på fonten (bokstaven) er 150.
Orda "fin" og "dag" fekk ligge på ein sirkel. Orda ligg på kvart sitt lag. Her skriv eg heile ordet før eg byttar lag. Dette er for å lage litt variasjon i animasjonen.
For å sjå animasjonen på førehand, kan du klikke på
"Filters," "Animation," og velge "Playback"
Til slutt på du gå til "File" og "Export" for å lagre animasjonen som Gif- fil. Når du har trykt "Export" må du
hake av "as animation." Her kan du også velge å sette den hastigheita du vil ha på kvart bilete, då standardinnstillinga kan vere litt vel rask.
Her er den ferdige animasjonen.