onsdag 10. desember 2014

Julepynt av gamle boksider

Gamle boksider kan vere dekorative. 

Her har eg brukt peparkakeformer som mal, og klipt ut ulike former.
Det kan vere ein fordel å "male" boksida med decoupagelim
eller liknande først, for å gjere pynten meir solid.
 


Cottonballs- med hamp

Cottonballs kan vere dekorative både som bordpynt og som dekor til lyslenke. Her er kan du sjå korleis du kan lage dei sjølv.
 
 
 
Blås opp ein vassballong. (Vassballongar blir rundare enn vanlege ballongar.)
Smør den inn med vaselin eller krem.
 
 
Dypp hamptråen i trelim eller tapetklister,
og surr den på kryss og tvers rundt vassballongen.
 
 
Når hamptråden er tørr kan du stikke hol på
ballongen og forsiktig dra den ut.
 
 
 
Knyt tråd i den og heng den opp, eller la den ligge på bordet som bordpynt.
 
 



 


Gjenbruk av hermetikkboksar

Her skal eg vise korleis ein kan gjere brukte tomatpurè- boksar om til små, søte vasar.
 
 


 
Du treng ein tom hermetikkboks, limpistol og hamptau eller anna tau.


 
Start nedst, og ta litt lim på boksen. Legg tråden oppi limet.
Påfør lim litt om gongen, det tørkar fort. 
 
 
Vasen er ferdig til bruk med ein gong!