mandag 19. september 2016

Street Art

Her er ei lenkje til ein video som viser korleis du kan lage sjablong til eit Street art- bilete.

https://vimeo.com/14563372

søndag 31. januar 2016

Strikk tova tøflar




Storleikar: (Barn)Barn(dame)herre
Material: Jette strikkegarn/ Filzwolle Funky

Legg opp (48)50(54)58 masker på pinne nr 7. Her kan du lære å legge opp:
http://www.garnstudio.com/lang/no/video.php?id=2&sort=1&thumbnails=on)

Strikk til det er (26)28(30)32 riller:
(1 rille= 2 omgangar)





Fell (18)19(20)22 masker i kvar side. Her kan du lære å felle:
http://www.garnstudio.com/lang/no/video.php?id=15&sort=1&thumbnails=on



Strikk (15)17(20)22 riller over desse maskene. Dette blir solen på tøffelen.


Ta opp (12)13(15)16 masker på kvar side nedst på den breiaste delen. (Ta opp masken mellom rillene.)
Strikk desse maskene saman med sålemaskane. Strikk (12)12(15)16 riller
Her kan du lære å ta opp masker:



Fell på annakvar omgang frå rettsida slik: 
Strikk 5 m rett og 2 m rett saman omgangen ut. Strikk 1 omg utan felling.
Strikk 4 m rett og 2 m rett saman omgangen ut. Strikk 1 omg utan felling.
Strikk 3 m rett og 2 m rett saman omgangen ut. Strikk 1 omg utan felling.
Strikk 2 m rett og 2 m rett saman omgangen ut. Strikk 1 omg utan felling.
Strikk 1 m rett og 2 m rett saman omgangen ut. Strikk 1 omg utan felling.
Strikk 2 og 2 m rett saman omgangen ut. Trekk tråden gjennom dei resterande maskene. Stram godt til og fest.

Montering:
Sy saman tøffelen under foten. Sy saman maskene oppå foten. Sy saman heile skaftet opp, eller sy berre halve lengda og brett ned øvste kanten.

Toving:
Tov tøflane i vaskemaskin på 40, 50 eller 60 grader, med flytande grønsåpe. Ulike vaskemaskiner tovar forskjellig, så prøv deg fram. Har du fleire plagg i maskina samtidig, vert det meir tova. 

torsdag 22. oktober 2015

Dataskulptur

Elevane på Design og redesign fekk skulen sine kasserte datamaskiner. Inni var det mykje spennande å finne! Oppgåva var å lage skulptur eller ein bruksgjenstand.





 

 



torsdag 10. september 2015

Betong- design

Design og Redesigngruppa har arbeidd med betong. Vi prøvde to ulike typar ferdigbetong, det som gav best resultat var Hey`di mørtel til småmuring.
 
 
 
Desse lysestakane er støypt i pappbeger. Dekoren er laga ved å lime ei form inni begeret. Forma kan t.d. lagast med mosegummi.
 
 
Potteskjularen og lys- skåla er laga ved å smøre inn eit stoffstykke med betong.
(Her er det brukt strie)

 
Herding
 
 
"Seng" til mobilen laga ved å fylle ein lunchpose med betong.



 
 

søndag 14. juni 2015

Vev i blåtonar

Samarbeidsprosjekt: Pynting til friluftskonserten under Ørskog Bluesfest 2015

Her bidrog småskulesteget ved Sjøholt skule, SFO og Kulturskulen si karusellgruppe.
 



 
 

Animasjonsfilm

Ei av oppgåvene denne våren var å lage 3D- animasjonsfilm.

Filmen skulle ha utgangspunkt i ein kjent karakter frå eit eventyr.  
 I filmen min får du sjå korleis det gjekk med Trollet etter kampen mot Store Bukken Bruse.
Filmen er laga i gratisprogrammet "Movie Maker"
 
 
Her er lenkje til filmen:
https://www.youtube.com/watch?v=1PMOVwrjhBo


Tidlegare har eg laga ein animasjon i Cut- out teknikk. Her er karakterane klipt ut i papp, og ledda saman med små split- binders. Denne filmen heiter "Geni?"
Her er lenkje til filmen:
https://youtu.be/hZKzv7W_Jy8